Nationaltheatret, Brannen

Jon er ein ung mann som har flytta på hybel i ei blokk ved eit vassdrag. Ein haustdag ringer telefonen. Brannen frå 1961 er kjend som ein av dei mest mystiske romanane til Tarjei Vesaas. Universet er surrealistisk, skremmande og symbolsk.

Den høgt akta frigruppa De Utvalgte er kjende for særeigne scenekunstproduksjonar med banebrytande visuelle verkemiddel. Når dei no produserer si første framsyning for Nationaltheatret, utfordrar dei heile teatermaskineriet på Hovudscenen og lager eit atmosfærisk totalteater der bilete, ord og lyd blir sidestilt. Det heile blir akkompagnert av nyskriven elektroakustisk musikk. Rolla som Jon blir tolka av Helene Naustdal Bergsholm.

I Vesaas-året 2022 feirar vi 125-årsjubileet til diktaren med ei spektakulær og poetisk teateroppleving.

Visuelt design: Boya Bøckman
Kostymedesign: Fredrik Floen
Masker: Eva Sharp og Lise Lotte Jørgensen
Fotograf: Øyvind Eide 2022_01_22_BRANNEN (27) 2022_01_22_BRANNEN (26) 2022_01_22_BRANNEN (19) 2022_01_22_BRANNEN (11)